Vi ser etter ein motivert og dyktig medarbeidar til å utføre tilsyn med eksport av avfall

Vil du bidra til eit betre vern av helse og miljø?

Om stillinga

Har du erfaring frå tilsyn eller kontrollarbeid? Vil du trivast med å få innsikt i korleis verksemdene etterlever miljøkrava? Meiner du at du kan representere staten på ein profesjonell måte og er trygg og tydeleg i kommunikasjonen? Da bør du søkje!

Mellom 4000 og 10 000 tonn elektrisk og elektronisk (EE) avfall i Noreg hamnar truleg på avvegar og mykje eksporteres ulovleg ut av landet. Miljødirektoratet har eit viktig samfunnsoppdrag og gjennom tilsyn med næringslivet bidrar vi til å unngå skade på helse og miljø. Vi jobbar for å førebyggje, stanse og følgje opp ulovleg eksport av elektrisk og elektronisk avfall. Mellom tiltaka er å føre tilsyn og kontroll med heile verdikjeda frå returmottak for EE-avfall til eksport.

Innanfor desse oppgåvene er det no ein ledig mellombels stilling i industritilsynsseksjonen med eit års varigheit og med mogelegheit for forlenging på eit år. Seksjonen har arbeidsstad på Helsfyr i Oslo.

I denne stillinga får du mogelegheit til å bryne deg på samansette og komplekse saker. Du vil jobbe tett med motiverte, omgjengelege og profesjonelle kollegaer som arbeider målretta og i team for etterleving av miljøregelverket i Norge. Vi jobbar tett med statsforvaltarane som er vår forlengja arm, og vi samarbeider med andre tilsynsmyndigheiter og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt. 

Arbeidet er utovervend og du må rekne med noko reiseverksemd (ca. 20-40 døgn i året). Arbeidskvardagen er prega av variasjon, utvikling, godt samarbeid, og gjensidig støtte og tillit. Ønskjelege personlege eigenskapar blir derfor lagt vekt på.

Les meir om Miljødirektoratets tilsyn her.

Stillinga sine arbeidsoppgåver

  • Utføre tilsyn og tilhøyrande saksbehandling med eksport av avfall: 

    • planleggje og gjennomføre tilsynsaktivitet overfor fleire ulike aktørar – spesielt fokus på ulovlege forsendingar med EE-avfall 
    • bistå Tolletaten med faglege vurderingar og oppfølging i enkeltsaker
    • samarbeide med andre tilsynsmyndigheiter

    Andre tilsynsoppgåver innan avfallsfeltet kan også vere aktuelt.

John Petter Reinertsen

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant utdanning på mastergradsnivå, fortrinnsvis innanfor naturvitskaplege fag (kjemi, toksikologi ) eller tilsvarande. Særleg relevant realkompetanse kan vege opp for kravet til utdanning.
  • Kunnskap og kompetanse om avfallsregelverket er ønskeleg.
  • Erfaring frå prosjektleiing og koordinering av oppgåver og prosessar er ein fordel.
  • Du formidlar godt på norsk og engelsk, både munnleg og skrifteleg.

Eigenskapar

  • Du er fleksibel, selvstendig og trives med en variasjon i ansvar og oppgaver.
  • Du kommuniserer på ein trygg og tydeleg måte og har ein god balanse mellom å lytte og stille krav.
  • Du er ein lagspelar og er god til å samarbeide med andre.
  • Du er bevisst di rolle i tilsynsarbeid og representerer direktoratet på ein god måte.

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. 

Vi tilbyr

  • ein mellombels stilling med anslått varigheit på eit år, med mogelegheit for eit års forlenging
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • attraktive lokale ved kollektivknutepunktet Helsfyr og kantine med høy kvalitet
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • løn som senioringeniør frå kr. 516.400 (ltr. 58) til kr. 643.000 (ltr. 70) eller sjefingeniør frå  kr. 586.500 (ltr. 65)  til kr. 744.600 (ltr. 77) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særleg kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er fungerande seksjonsleiar Henning Gøhtesen, tlf 90 50 66 96 eller e-post: henning.gohtesen@miljodir.no.

Spørsmål om søknadsprosessen kan og stillast til Trine Bakken Watne, tlf 95 77 46 31 eller e-post: trine.bakken.watne@miljodir.no.

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 25-2021 TIN

Søknadsfrist: 4. mai 2021

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne, hol i CV og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.

Om oss

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Søknadsfrist

4. mai 2021

Arbeidsgivar

Kommune

Oslo

Omfang

Heiltid

Varigheit

Vikariat/mellombels

Arbeidsstad

Helsfyr, Oslo

Vil du bidra til eit betre vern av helse og miljø? – Miljødirektoratet – Jobbnorge – ID204653