Leiar for rekneskap

Avdeling organisasjon og økonomi

I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å automatisere prosessar og digitalisere verksemda. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i denne satsinga. For å drive dette viktige arbeidet vidare søkjer vi ein utviklingsorientert og handlekraftig leiar for rekneskap  

Vestland fylkeskommune står framfor ein større prosess der vi skal kjøpe inn og implementere eit integrert system for løn, rekneskap og økonomistyring. Eit viktig mål med det nye systemet er å forenkle og effektivisere drifta vår ytterlegare. Som leiar for rekneskap vil du vere sentral i arbeidet med heile anskaffingsprosessen og sjølve innføringa av det nye systemet i organisasjonen. I dette arbeidet vil du samarbeide tett med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og ikt.

Som leiar for rekneskap får du personalansvar for 17 erfarne medarbeidarar på Leikanger og i Bergen. Å vidareutvikle det rekneskapsfaglege kompetansemiljøet vert ei viktig oppgåve i stillinga. Den faste kontorstaden din vil vere på Leikanger, men du må vere innstilt på noko reising sjølv om mykje av samhandlinga i organisasjonen skjer digitalt. Du vil rapportere til seksjonsleiar for økonomi, som også har ansvar for å koordinere arbeidet med budsjett- og økonomistyring i fylkeskommunen.

Vi ønskjer oss ein drivande og tydeleg leiar, som identifiserer seg med verdigrunnlaget vårt som er å vere kompetent, open og modig. Du trivst i samspel med andre og finn motivasjon i å utvikle medarbeidarane dine og oppnå resultat i fellesskap. Du har blikk for nye løysingar og sikrar god samhandling på tvers i organisasjonen. Du lyttar til andre sine synspunkt, men evner også å skjære gjennom og sikre framdrift. Vi ser gjerne at du har erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid i ei større verksemd.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift og leiing av eininga
  • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar
  • Periode- og årsoppgjer
  • Likviditetsstyring
  • Ansvar for opplæring av leiarar og tilsette som arbeider med rekneskap i ulike sektorar/avdelingar
  • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning, minimum på bachelor-nivå
  • Erfaring frå rekneskapsarbeid i ei stor og kompleks verksemd
  • Erfaring frå offentleg sektor er ein klar fordel
  • Relevant leiarerfaring
  • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Gjennomføringsevne
  • Analytisk og strukturert arbeidsform
  • Evne til å skape tillit og aksept
  • Personleg integritet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.  
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.  
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå dette, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontakt
Nils Egil Vetlesand, seksjonssjef, 906 98 712

Arbeidsstad
Askedalen 2, 6863 Leikanger
 
Søknadsfrist: 21. september 2020
Vestland fylkeskommune – Leiar for rekneskap