Vi søker ein dyktig medarbeidar som har lyst til å utvikle reiselivet i Vestland. Arbeidet skjer i nært samarbeid med reiselivsnæringa, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og dei andre fylkeskommunane på Vestlandet. Saman arbeider vi for å styrke verdiskapinga innan reiselivet og skape gode opplevingar for dei tilreisande. Samstundes tek vi vare på klima, natur og lokalsamfunna våre. Vestlandsfylka har forma eit felles framtidsbilete for 2030 som, saman med handlingsplanane våre, set mål og retning for arbeidet med å utvikle eit berekraftige reiseliv.
Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. I seksjonen arbeider vi også med program for lokalsamfunnsutvikling, landbruk, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte. Arbeidsoppgåvene dine vil hovudsakleg vere knytt til reiseliv, og som ein del av dette vil du også arbeide tverrfagleg for å utvikle lokalsamfunna våre.
100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er:
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
Det er ein føremon med:
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må i tillegg kunne vise til desse eigenskapane:
Vi tilbyr
Andre opplysningar:
Arbeidsstad er i fylkeshuset i Leikanger. Du må rekne med noko reising.
Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsstad
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Kontaktinformasjon:
Endre Høgalmen, seksjonssjef, 952 07 789, endre.hogalmen@vlfk.no
Søknadsfrist: 7. september 2020