Seksjon for statistikk, kart og analyse skal vere i front på kommunale og regionale analysar for å stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør, og bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i kommunane og i dei andre fagavdelingane i fylkeskommunen.
Seksjonen har ei nøkkelrolle i koordinering, innsamling, handsaming, utvikling og formidling av kart- og statistikkarbeid i fylket. Viktige leveransar frå seksjonen er kart- og statistikkforvaltning, befolknings- og bustadframskrivingar, kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar, kartlegging og oversikt over folkehelsa, og ei mengde oppdragsbaserte analysar og rapportar.
Stillinga inngår i eit team på to i seksjonen som har som formål å vidareutvikle og bruke fylkeskommunen sine geografiske informasjonssystem, og koordinere denne informasjonen med fylkeskommunen sin øvrige statistikk-, kart og analyseproduksjon.
Seksjonen skal delta aktivt i nasjonale fagnettverk for statistikk, kart og analyse.
Det er ledig fast stilling i seksjonen, med arbeidsstad Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inngår i seksjonen sin daglege statistikk- og analyseproduksjon, herunder:
- Kvantitative og kvalitative analysar
- Visualisering, publisering og presentasjon av statistikk og analysar
- Digitalisering av datagrunnlag/automatisering av løpande oppdateringar
- Koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling frå andre avdelingar
- Rådgjeving til interne og eksterne aktørar
- I tillegg er det lagt særskilte GIS-oppgåver til stillinga:
- Utvikling og bruk av GIS som analyseverktøy:
- Publisere og vedlikehalde data i fylkeskommunen sine offentlege karttenester
- Sjå heilskapen av behov og vere drivar for vidareutvikling innan fagfeltet
- Vidareutvikle brukarløysingar
- Stø og utføre oppdrag for fagavdelingar og temaplanar:
- Opplæring og tilrettelegging
- Geografiske analysar
- Lage tematiske kart
- Representere fylkeskommunen i ulike utval under Norge Digitalt-samarbeidet, og i fylkeskommunalt GIS-nettverk
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet: mastergrad eller høgare
- Kvantitativ metodekunnskap og erfaring med statistikkprogramvare
- Erfaring med GIS-programvare, herunder drift og konfigurasjon av server, desktop og web-GIS
- Erfaring med geografiske analyser og framstilling av kartdata, også via nettløysingar
- Generell innsikt i drift og vedlikehald av data i filstruktur og database
- Kjennskap til vedlikehald og utvikling av prosesseringsløyper for automatisert dataflyt
Personlege eigenskapar
- Gode analytiske evner
- God norsk munnleg og skriftleg formidlingsevne. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Kreativ, løysingsorientert, metodisk allsidig
- Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Stillingsnemning rådgjevar/spesialrådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø
Andre opplysningar
Seksjonen har kontor både i Bergen/Sandsli og Leikanger, og ligg organisatorisk i stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering. Stillinga vil ha kontorstad Leikanger, tett på avdelingsleiinga saman med ein analyserådgjevar, mens den andre GIS-rådgjevaren og analyserådgjevaren har kontorstad Bergen saman med seksjonsleiar. Litt reiseaktivitet mellom kontorstadane må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontakt:
Stian Skår Ludvigsen
seksjonssjef
41322734
Arbeidsstad:
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Søknadsfrist: 16. august 2020