Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Vi søkjer ein målretta og engasjert medarbeidar til eit vikariat som fagkoordinator for vår faggruppe for eksport og import av avfall. Hos oss får du moglegheit til å bidra inn i viktig arbeid med utfordrande og viktige samfunnsoppgåver i samarbeid med svært kompetente kollegaer.
Seksjon for avfall og gjenvinning er ein av fem seksjonar i Miljøgiftavdelinga. Seksjonen har ansvar for regelverk og verkemiddel innan avfall, som avfallsførebygging, innsamling, materialgjenvinning, returordningar, farleg avfall og eksport/import av avfall. Ansvaret for sirkulær økonomi og koordinering av EU/EØS-arbeidet i Miljødirektoratet faller også under vår seksjon.
Seksjonen samarbeider tett med andre einingar i Miljødirektoratet, og har svært mykje utoverretta kontakt med andre statlege etatar, statsforvaltaren, næringsliv og myndighetar i andre land. Vi formidlar den nasjonale politikken innan avfall og sirkulær økonomi, arbeider for å nå dei nasjonale måla og varetek Noregs internasjonale forpliktingar og interesser innanfor ansvarsområda våre.
Seksjonen har 18 engasjerte medarbeidarar og har arbeidsstad sentralt plassert på Helsfyr i Oslo.
Kvalifikasjonar
Eigenskapar
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Hege Rooth Olbergsveen på telefon 41521909 eller e-post hege.rooth.olbergsveen@miljodir.no. Spørsmål om søknadsprosessen kan òg stillast til Gunn Hilde Garte på telefon 47751389 eller e-post gunn.hilde.garte@miljodir.no.
Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.
Last opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.
Merk søknaden: 35-2021 MAF
Søknadsfrist: 8. august 2021
Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.
Her er lenke til vår personvernerklæring.
Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.