Er du vår nye leiar med kompetanse til å løfte eit saksområde i sterk utvikling både nasjonalt og internasjonalt?

Avdelingsdirektør/leiar av avfall- og marin forsøplingsseksjonen

Kva gjer vi i avfall- og marin forsøplingsseksjonen?

Vi har ansvar for internasjonalt arbeid, EU/EØS-arbeid og nasjonal politikkutvikling knytta til avfall, marin forsøpling og spreiing av mikroplast, sirkulær økonomi og miljøvennlege offentlege innkjøp.

Foto: Svein Magne Fredriksen (KLD)

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

Du vil leie avfall- og marin forsøplingsseksjonen med ti medarbeidarar, og inngå i leiargruppa til Hav- og forureiningsavdelinga. Seksjonen støttar den politiske leiinga sitt arbeid og bidreg til å iverksetje regjeringa sin politikk. Seksjonen har store utviklingsoppgåver knytta til juridiske og økonomiske verkemiddel nasjonalt, og internasjonal regelverksutvikling i regionale og globale avtalar. Påverknad og oppfølging av EU/EØS-regelverk og arbeidet med ei ny global plastavtale er ein stor del av dette. Du vil leie arbeidet i seksjonen gjennom:

  • Fagleg oppfølging og kvalitetssikring på ansvarsområda til seksjonen.
  • Oppfølging og utvikling av dine medarbeidarar.
  • Nært samarbeid med andre seksjonar og avdelingar i departementet.
  • Kontakt med andre departement, underliggande etatar, andre institusjonar, eksterne aktørar og organisasjonar. Ansvar for etatsstyring av Senter for marint miljø (SOMM) frå 1.1.2022. 

Vi søker deg som har følgande bakgrunn:

  • Mastergrad eller tilsvarande, fortrinnsvis innafor jus eller økonomi 
  • Minst 10 år med relevant erfaring frå offentleg forvalting
  • Erfaring frå miljøfeltet og god kjennskap til norsk miljøpolitikk og -forvalting
  • Leiarerfaring
  • Særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både muntleg og skriftleg

Ønskeleg: 

  • Erfaring frå seksjonen sitt arbeidsfelt
  • Erfaring frå departement 

Stillinga er eit embete og føreset norsk statsborgarskap.

For å lukkast i stillinga må du:

  • vere initiativrik, ha stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • ha gode evner til å organisere arbeidet, sikre framdrift og gode leveransar til rett tid
  • kunne setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar og gjere strategiske vurderingar
  • ha engasjement og evne til å vidareutvikle seksjonens fagområde
  • se medarbeidarane og utvikle deira kompetanse, både individuelt og som team
  • sørge for heilheitleg oppgåveløysing i eigen seksjon, på tvers i KLD og eksternt
  • ha særs gode samhandlings- og kommunikasjonsevner
  • forstå rolla som embetsverk for politisk leiing

Kvifor skal du jobbe hos oss:

  • Du kan bidra til å nå miljømåla og samfunnsmålet om eit grønt skifte.
  • Du får ein unik moglegheit til å bidra med faglege råd for politisk leiing.
  • Vi er eit fellesskap av engasjerte kollegaer som er stolte av jobben vi gjer.
  • Klima- og miljødepartementet girer gode utviklingsmoglegheiter.

Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert  1 1/2 time i uka med trening i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Vi er opptekne av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.

Lønn:

Årslønn frå kr. 850 000 til kr. 1 007 100 (lønnstrinn 81 – 87). Overtid inntil 300 timar kan bli utbetalt i tillegg til fastlønn.

For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Er dette stillinga for deg? Les følgjande:

  • Vi ber om at du laster opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjent. Godkjenninga må bli vedlagd.
  • Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.
  • Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bede om å vere unnateken frå søkarlista.
  • Søkar vil bli orientert om dette på førehand.
  • Kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søke.

Vil du vite meir om stillinga kan du spørje: ekspedisjonssjef Hæge Andenæs, tlf. 22245810 eller e-post Hage-Johanna.Andenas@kld.dep.no.

Om Klima- og miljødepartementet og Hav- og forurensningsavdelinga

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 240 tilsatte.

Hav- og forureiningsavdelinga arbeider med strategi- og politikkutvikling og forvaltningsoppgåver retta mot hav- og nordområda, forureining, miljøgifter, avfall (inkludert marin forsøpling og mikroplast) og miljøomsyn i EØS-, handels- og investeringsavtaler.

Søknadsfrist

23. august 2021

Kommune

Oslo

Omfang

Heiltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Kongens gate 18, 0153 Oslo

Avdelingsdirektør – Klima- og miljødepartementet – Jobbnorge – ID209030