Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Seksjon for fellestenester har ansvaret for etatsstyringa av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og for arbeidet med utvikling av nye fellestenester på det administrative området i departementsfellesskapet.
Vi søkjer ein medarbeidar som kan vere med på å styrkje tryggingsarbeidet i departementsfellesskapet. I denne stillinga vil du få høvet til å jobbe med komplekse tryggingsfaglege problemstillingar med ei brei kontaktflate mot eit stort tryggingsfagleg miljø i DSS og opp mot departementa som brukarar av tenestene til DSS. Du får høvet til å jobbe med tryggleik på eit strategisk nivå i eit tverrfagleg samarbeid i ei avdeling som har fleire ulike tryggingsmessige, styringsfaglege og økonomiske ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver
Nødvendige kvalifikasjonar
Ønskjelege kvalifikasjonar
For å lukkast i stillinga må du
Det vil bli lagt stor vekt på at kandidaten er personleg skikka.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr
Løn: Stillinga som rådgivar blir lønt frå 500 000–600 000 kr per år, og stillinga som seniorrådgivar blir lønt frå 540 000–700 000 kr per år. Stillings- og lønsinnplassering kjem an på erfaring og kvalifikasjonar.
Frå løna blir 2 % trekt som innskot til Statens pensjonskasse.
Tryggingsklarering: Tilsetjing skjer under føresetnad av at søkjaren blir tryggingsklarert på nivå HEMMELEG og autorisert.
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en. Arbeidsforholda vil bli lagde til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjarar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Les meir om krava i Arbeidsgivarportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder publiserer i årsrapportane sine.
Godt medarbeidarskap er viktig for oss.
KMD samarbeider med Meditor om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktperson: For nærmere opplysninger om stillingen, kan du kontakte:
Avdelingsdirektør Karl Anders Bilstad, tlf. 90123135 / 222 47206, e-post Karl-Anders.Bilstad@kmd.dep.no.
Avdelingsdirektør Bjørg Helene Holen, tlf. 99743635 / 22244934, e-post Bjorg-Helene.Holen@kmd.dep.no.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har cirka 380 tilsette og er sekretariat for kommunal- og moderniseringsministeren, digitaliseringsministeren og anna politisk leiing.
Departementet har ei rekkje underliggjande etatar og verksemder.
Statsforvaltningsavdelinga har ansvar for byggje- og eigedomspolitikken i statleg sivil sektor og ansvaret for sikring av regjeringsbygga med unntak av Forsvarsdepartementet og Statsministerens kontor i lokala til Forsvarsdepartementet. Avdelinga har òg ansvar for fellestenester og infrastruktur i departementsfellesskapet og leier arbeidet med gjenreising av det nye regjeringskvartalet. Avdelinga har vidare ansvar for organisering og inndeling av regional statsforvaltning. Etatsstyring er ei viktig oppgåve. Avdelinga har ansvaret for statsforvalterembeta, Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og Statsforvalterens fellestjenester
I tillegg har avdelinga budsjettansvaret for apanasjen og Det kongelege hoffet og ansvaret for dei kongelege eigedomane til staten.