Du som kandidat får presentert stillinger som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker sannsynligheten for at du ser stillinger som er relevante for deg. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder nødvendig informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Vi byggjer opp vårt miljø innan kunstig intelligens (KI) og EU/EØS-rett på digitaliseringsområdet.
Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit avgjerande verktøy for å møte desse krava, samstundes som vi sikrar rettstryggleik og tillit.
Vi søkjer derfor etter ein dyktig og engasjert jurist til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet. Som ein del av vårt team vil du vere med på å forme og utvikle Noregs politikk innan KI og digitalisering. Du vil ha ei sentral rolle i å implementere viktige EU-reguleringar som vil legge grunnlaget for ei trygg og effektiv digital omstilling i Noreg.
Du blir ein del av seksjon for IT-politikk. Vi har ansvar for å innføre KI-forordninga i norsk rett, i tillegg til andre sentrale EU-rettsakter på digitaliseringsområdet. Hos oss vil du bli ein del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø beståande av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og vi har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men også svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar.
Vi er i ferd med å utvide vår avdeling og vil i løpet av dei komande månadene lyse ut fleire stillingar. Vi oppmodar difor interesserte kandidatar til å følgje med på utlysingane våre.
Regjeringa har nyleg lansert ein ambisiøs digitaliseringsstrategi med mål om å gjere Noreg til verdas mest digitaliserte land innan 2030. Som jurist hos oss vil du delta i arbeidet med å iverksette denne strategien. Du vil ha ansvar for å implementere og forvalte EU-rettsakter på digitaliseringsområdet, slik som eIDAS-forordninga, Åpne data-direktivet, Dataforvaltningsforordninga (DGA) og KI-forordninga.
Hos oss vil du få mykje ansvar og stor fridom til å løyse arbeidsoppgåvene dine. Seksjonen har mellom anna ansvar for strategi- og politikkutforming for digitaliseringa i heile samfunnet, og har eit breitt spekter av oppgåver. For denne stillinga får du mellom anna jobbe med å,
Nødvendige kvalifikasjonar:
Ynskjelege kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg med gode samarbeidsevner som har evne til å formidle komplekse samanhengar på en forståeleg og enkel måte. Du er effektiv og god til å handtere fleire oppgåver på ein gong i ein hektisk arbeidskvardag. Du har gode analytiske evnar, sterke kommunikasjonsferdigheiter og god rolleforståing. Fleksibilitet er avgjerande for å kunne balansere ulike omsyn og koordinere mange parallelle prosessar.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Løn: Stilling blir lønt som tittel rådgivar/seniorrådgivar frå kr 650.000-900.000 (svarer til ltr 45-60). Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.
DFD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærer at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt Catharina Nes,
tlf: 941 58 007 eller e-post: Catharina.Nes@dfd.dep.no
Kontaktperson: For nærare opplysningar om rekrutteringa kontakt Sofie Swainsbury, tlf: 46 81 02 78 eller e-post:
sofie-michelle-berg.swainsbury@dss.dep.no
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.
Avdeling for IT- og forvaltningspolitikk har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken og IT-politikken, for delar av personvernpolitikken og for elektronisk kommunikasjon. Ansvaret omfattar blant anna arbeidet med digitalisering og innovasjon i offentleg sektor, personopplysningsforskrifta og administrativt ansvar for Datatilsynet og for Personvernnemnda. Avdelinga har òg ansvar for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet og av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Avdelinga er fagleg sekretariat digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet får frå 1.1.2025 ei ny organisering. Dette kan påverke innplasseringa av den utlyste stillinga.
Sofie Michelle Berg Swainsbury
Rekrutteringsrådgiver
Tlf. 468 10 278