Områdeleiar, 100% fast stilling ved Miljøterapitenesta, avlastning og pårørandestøtte

Gol kommune vil styrke tilbodet til familiar med store omsorgsoppgåver. Vi har fire samlokaliserte leilighetar knytt til ansvarsområdet. I tillegg har vi fleire heimebuande brukarar.
Fleire familiar har i dag eit avlastningstilbod i kommunale leilegheiter. Nokon ungdommar skal snart flytte for seg sjølv og dei vil ha behov for god hjelp og støtte i denne prosessen. Området har ansvar for alle avlastningstilbod i kommunen, samt støttekontaktar og personar med brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Samarbeid med koordinerande eining vil vere ein viktig del av arbeidet. Som områdeleiar er du leiar for ei gruppe tilsette som i dag består av 10 personar.

Stillinga er ein av fire områdeleiarar i avdelinga. Gol kommune har god leiarstøtte og eige oppfølgjingsprogram som kan nyttast ved behov. Vi arbeidar for å få ein lærande organisasjon, ein organisasjon der vi anerkjenner dei tilsette sine styrkar. Vi ynskjer engasjement og måloppnåing.

Vi søkjer etter ein kollega som likar å arbeide med menneske, likar utfordringar og å arbeide i team.

Du vil arbeide mykje selvstendig. Næraste leiar vil vera avdelingsleiar for miljøterapitenesta.

Arbeidsoppgåver:

* Leiing av eige område med ansvar for tilsette.
* Planlegge for gode tenester og arbeidstidsordningar, samt leggje til rette for gode arbeidsforhold
* Samarbeid med interne og eksterne aktørar, samt foreldre/pårørande.
* Ansvar for kommunens tilbod til personar og familiar med auka behov for omsorg, som støttekontakt, avlastning og BPA

Kvalifikasjonar:

* Bachelor i vernepleier. Anna miljøterapeutisk utdanning som pedagogikk, sjukepleie eller liknande vil bli vurdert
* Ynskjeleg med videreutdanning eller erfaring inna leiing
* Sertifikat for bil
* Søkjar må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Du er:

* Ansvarsbevisst
* God til å samarbeide
* Løysingsorientert
* Arbeidar sjølvstendig

Vi tilbyr:

* Varierte og spannande arbeidsoppgåver og utfordringar
* Gode kollegaer og tett samarbeid i leiargruppa
* Vi tilbyr eit godt nettverk av leiarar
* God pensjonsordning
* Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass

For stillinga gjeld:

Lønn- og ansettelsesvilkår i samsvar med lov og avtaleverk

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 
Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt løn- og personalavdelinga via Tenestetorget 32 02 90 00.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du “Registrere søker” for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på “Glemt brukarnamn/passord”, som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakt
Aud Torill Sæbø,
Kommunalsjef for helse og omsorg

916 73 948

Robert Bø
Avdelingsleiar

906 95 851

Søknadsfrist: 14.08.2020
 
Gol kommune – Avdelingsleiar for Heimetenesta og Områdeleiar